
Bli kjent med Sogn og Fjordane sin 1. kandidat
«Eg meiner det er viktig at energi er billig i Noreg og Europa, og at skattesystemet belønner gründerar og verdiskaping i Noreg. Eg er spesielt opptatt av å skape gode og føreseielege rammeverk for havbruk, samt jobbe for skatte- og avgiftskutt. Det er også viktig at vi får unge ut i arbeid, og at velferdsstaten blir drifta billig og effektivt, utan at det renn ut store summar på sofasitting eller planøkonomi.
Vi må begrense framandkulturell innvandring – all den tid vi har eit integreringsetterslep. Eg er opptatt av utanrikspolitikk, og ikkje minst korleis hendingar i verda får ringverknader i våre lokalmiljø. Eg ser med bekymring på at jødar føler seg utrygge i Noreg. Eg meiner at alle skal ha like rettar, utan å få særfordelar på grunn av kjønn eller andre medfødde eigenskapar».
Lokalt er Lillestøl spesielt opptatt av at det skal være gode og trygge veier. Dette gjelder både vedlikehold, utbedring og bygging, som med Riksvei 15 som går mellom Måløy i Kinn og Otta i Sel. Over halvparten av veien ligger i Vestland, noe som gjør den kommende utbyggingen særs viktig for lokalsamfunnene i Sogn og Fjordane.