
Forslag fra Kvam FrP på FrPs landsstyremøte
Rassikring – Eit nasjonalt ansvar, og på fylkesvegar
Behov for kraftig auke i løyvingane til rassikring av fylkesvegar, spesielt vegar som har omkøyringsfunksjon og regional/nasjonal funksjon.
En kartlegging fra Statens vegvesen i 2023 viste eit samla behov på over 61 milliarder for fylkesvegnettet.
Det er store uløyste rassikringsprosjekt i fylka som krev finansiering, for at vegane skal bli tryggare å ferdast på. Ein kraftig auke av midlane i åra framover er det som må til.
Det er viktig at me har eit produktivt næringsliv rundt om i vårt land, eit næringsliv som opprettheld arbeidsplassar i mange distrikt. Gode og trygge vegar er ein føresetnad for arbeid og busetnad. Fylkesvegane er og viktige beredskapsvegar i ei uroleg tid.
Sikre vegar er avgjerande for at me skal kunne ha god mobilitet i distrikta. Det gjeld om ein er på veg til arbeid, skule eller fritidsaktivitetar, og det gjeld anten det er bil, buss eller vogntog som vågar seg fram på rasutsette vegar.
For Framstegspartiet er dette viktig. Ein kraftig auke i rassikringsmidlane til fylka er èitt konkret tiltak for å sikre tryggare vegar, - og èitt konkret tiltak i ein god distriktspolitikk frå FrP.
Landsstyret i FrP ber stortingsgruppa bidra til:
Ein auke i løyvingane til rassikring av fylkesvegar ,spesielt vegar som har omkøyringsfunksjon og regional/nasjonal funksjon.
"Dette er et viktig forslag som vi tar med oss inn i arbeidet i stortingsgruppa
Bård Hoksrud - leder av Transportkomiteen