
Læraren skal vere sjefen i klasserommet
– Skulen skal vere ein stad for læring, ikkje uro. Likevel ser vi at elevar som øydelegg undervisninga, får bli verande midt i klasserommet – medan læraren mistar både ro, autoritet og støtte. Dette er ikkje rettferdig. Det er ikkje berekraftig. Og det er ikkje god skolepolitikk, sa Voldsund.
Skulen skal være til for alle, ikkje dei få
Femtekandidaten meiner det er på tide med eit retningsskifte i skulen, der skulen blir ein trygg arena for elevane og læring står i fokus.
– Vi treng meir kunnskap, meir disiplin og meir respekt for vaksne. Vi må igjen ta til orde for at skulen skal være til for alle, ikkje dei få. Vi må vekk frå dagens A4 skule, og tilby meir tilpassa opplæring enn tidligare, barna våra skal bli klar for livet og arbeid, og det gir ikkje dagens skule dei muligheit til, sa Voldsund.
Læraren skal vere sjefen i klasserommet
Ho håpar på eit regjeringsskifte til hausten, og meiner Frps politikk vil sørgja for meir trivsel og læring blant elevane, og meir makt til læraren.
– Læraren skal vere sjefen i klasserommet. Elevane skal få en skule som gjer dei rusta for framtida, skulen er på overtid for endring og med FrP sin politkk skal vi klare å snu det, avsluttet Voldsund.



